-Sist søndag hadde Barnas turlag Stord Fitjar den årlege lommelyktturen på Lundastøl, fortel leiar Wenche Nygård til fitjarposten.no.

– Me markerte avslutninga på årets topptrim med utdeling av premiar til dei som hadde vore på minst tre fjelltoppar. Arrangementet var ope for alle barnefamiliar på øya, fortel ho, og fortset:

– På stien frå kraftstasjonen ved Lundsæter talde me refleksar inn mot Lundastøl. Vel framme kunne dei som ville steikje seg mat på bålet. Det vart etter kvart trongt rundt bålgryta. Opp mot 150 stykke hadde tatt turen i haustmørket på fjellet.

Vidare får me høyre at dei som ville kunne delta på skattejakt.

– Ved hjelp av lommelykta kunne ein spore opp skattar som var gøymt i området. Me avslutta stunda med utdeling av premiar til alle dei 27 som hadde gjennomført topptrimmen. Me takkar for alle dei som har delteke på våre turar og ynskjer alle som vil vera med velkommen til neste års turar, seier Nygård til slutt.