Fem turistar frå Lithauen har sidan tysdag halde til på Fitjar Sjø og Camping. I dag fekk ein av dei ein fisk han trygt kan skryta av, eller senda brev heim om, om han vil.

Berre 10 minutt frå Campingen, ut straumen til området ved Teistholmen, hogg det til på snøret til Vytautas frå Lithauen, og opp kunne han dra ein flott torsk på 8 kg. Vytautas som er mest vane med fiske i vatn, fortel at han aldri har fått en så stor fisk før, og dei andre i reisefølget syntest òg det var fantastisk.

I det heile har dei likt seg godt på Fitjar, og rosar både naturen og plassen dei har budd på desse dagane. Om dei skulle vidare til Stavanger eller til Bergen når dei forlet Fitjar, var dei ikkje heilt sikker på då me snakka med dei tidlegare i dag.