John Karsten Raunholm og Stranda vel ber folk med på fjelltur komande helg.

Stranda vel inviterer alle interesserte til ”TELTTREFF” på Tindane frå laurdag 26. juni til søndag 27. juni 2010. John Karsten Raunholm seier dei har store forventningar til dette samlingspunktet og håpar at flest mogeleg, både barn, unge og eldre har høve til å ta turen til fjells. Han fortel at det ikkje er lagt  opp til nokon felles opptur. Folk kan gå når det passar, men kl. 18.00 bør alle vera på plass.

John Karsten lokkar med gode opplevingar, og nemner i fleng: Ein sveitt opptur, god mat og drikke, grillkos, nyhende frå Sørstrando og Nordstrando, omvising i nærområdet, gode historier, allsong, teltkos, solnedgang kl. 23.32 og soloppgang kl. 04.32.

Søndag kl. 12.00 vert det offisiell markering av ny varde på Fitjar kommune sitt høgast punkt, Litlasåto 676 m.o.h. med snorklipping av kultursjefen i Fitjar, Elise Aarbø.

Følgjande utstyr må folk ta med sjølve: Telt, liggjeunderlag, sovepose, mat og drikke etter eige behov inkl. grillutstyr (eingongsgrill), Klede som toler litt nordavind, solkrem og myggolje, ein vedkubbe til bål om kvelden. I tillegg må folk gjerne ta med seg flagg, for på søndagen går dei i tog  til Litlasåto…

Påmelding og nærmare informasjon hos John Karsten Raunholm tlf. 97 50 13 70 og hos Ingunn Jensen Raunholm tlf. 47 75 87 02.