Øyvind Skålevik minner om at Fitjar Idrettslag arrangerer O-løp og tur-orientering i kveld, tysdag 22. april. Start og mål er på parkeringsplassen ved Fitjar vassverk. Sjølve løpet er eit ordinært o-løp i Sunnhordlands-seien. I dette vanlege rankingløpet er det dei vanlege klassane, inkludert nybyrjarklassen.

I tillegg blir det i kveld høve til å laga si eiga turorienteringsløype, for dei som ikkje vil vera med i sjølve konkurransen. Arrangøren har kopiert opp alle dei 4 løypene på eitt kart, og du kan velja mellom desse postane og gå ditt eige løp. Berre du er inne igjen til kl. 19.30, for då blir postane samla inn igjen.

Fitjar Idrettslag ønskjer vel møtt til orienteringsløparar med ulike ambisjonar, og minner om heimesida si:

http://idrett.speaker.no/il/fitjar