No er det berre tre veker att til den store fjelldagen, og Fitjar Fjordhotell minner om at dei gjerne vil ha påmelding frå alle som ønskjer å avslutta dagen ved kjøtgrytene deira.

Den store fjellturen i Fitjarfjellet 1. oktober – over 4 eller 7 Fitjar-fjell – blir avslutta ned middag på Fitjar Fjordhotell. Her vil det bli servert fårikål, men på buffeten vil det og vera andre matrettar å velja i, fortel Anne Marie Larsen på hotellet. På grunn av matserveringa ønskjer hotellet å vita kor mange som er ventande om kvelden, og ønskjer derfor påmelding.

På mail: post@fitjar-fjordhotell.no eller telefon: 53 45 77 00.

Til sjølve fjellturen er det ikkje påmelding; arrangementskomiteen minner om at vandringa i fjellet skjer på eige ansvar.