Onsdag vart Selbjørnsfjordtunnelen AS stifta på ferga mellom Fitjar og Austevoll. I beste fall vil sambandet stå ferdig om 10 års tid.

Ordførarane i begge kommunane er positiv til framlegget, og la 50 000 kroner kvar på bordet som ein startkapital. Resten reknar ein med å få inn frå næringslivet i dei to kommunane i tillegg til ei bompengeordning. Ordføraren vår, Agnar Aarskog, ser det heller ikkje som noko problem om det blir bompengar.-Nei, det ser eg på som ein naturleg del av finansieringa, seier han til Fitjarposten. Tunellen er kostnadsrekna til rundt ein halv milliard kroner.

I tillegg til Aarskog blei både Harald Engevik og Ingebrigt Sørfonn intervjua av Nrk-Hordaland om denne saka. Engevik kunne fortelje at ein slik tunnel ville bli svært tidssparande arbeidarane hos Engevik &Tislevoll som mellom anna har 20 mann i arbeid på Austevoll for tida.

Ingebrigt Sørfonn blei spurd om ikkje dette var ein finurleg måte å ta ein omkamp om kyststamvegen på. Til det svarte han at å hevde noko slikt var ei avsporing.- Dette er heller ei prosjekt som vil styrke næringslivsutviklinga og skape framtid og vekst, sa han.

- Annonse -