Lions Club-medlemmer selde tulipanar til arbeidet mot narkotika i sentrum laurdag føremiddag.

Dei to mennene me snakka med var Olaf Aarskog og Arne Vik. Eigentleg sel dei ikkje tulipanane; den som gir eit bidrag til aksjonen, får ein bukett tulipanar som kvittering. Dei er med på den landsomfattande tulipanaksjonen til Lions Club, som i år blir arrangert for 30. gong. 

I løpet av føremiddagen har dei tømt ei bøtte med tulipanbukettar. Dei har såleis samla inn ein god del pengar til holdningsskapande arbeid blant ungdom, mot vald og bruk av rusmiddel.  

På heimesidene til Lions Club kan du lesa meir om Tulipanaksjonen: