Det er ordførarkandidat for Fitjar SV, Geir Tore Søreisde, som seier dette i forkant av kommunevalet.

Han nemner på ståande fot tre viktige saker for Fitjar SV framfor valet som gå av stabelen om ei veke.

1. Kommunestrukturen i Sunnhordland. Det såg lenge ut til at dei fleste partia i Fitjar hella mot kommunesamanslåing. – Derfor såg eg det som viktig å danna ei SV-liste, med eit klårt standpunkt mot samanslåing, seier Geir Tore.

 2. Helsesenter med legekontor, tannlege og helsesøster. Det hastar med å få desse funkjonane samla på ein dertil eigna plass.

3. Høgre-Arbeidarpartiet i koalisjon styrer Fitjar. Då bør det vera eit alternativ til venstre for Arbeidarpartiet ved kommunevalet i Fitjar.

Ordførarkandidat Geir Tore Søreide er ein praktisk mann som er van med å samarbeida med dei fleste. Men han poengterer at han som gammal sosialist er oppteken av solidaritet og likskap.