Sokneprest Olav J. Oma ber oss gjera merksam på at det i Fitjar Kyrkjeblad har snike seg inn ein ørliten trykkfeil om konfirmasjonen.

Konfirmasjonen i Fitjar kyrkje blir avvikla i fire puljar, to laurdag 7. mai, og to søndag 8. mai. Så langt stemmer det, og den vesle feilen gjeld pulje 2 på laurdagen. Konfirmasjonsgudsteneste nr. 2 denne dagen tar til kl. 13.00, og ikkje kl. 14.00, som det står i kyrkjebladet.

Programmet for konfirmasjonsgudstenestene blir altså slik:

Laurdag 7. mai kl. 11.00 og 13.00.

Søndag 8. mai kl. 10.00 og 12.00.