Fitjar vann 4-1 borte mot Nordnes på laurdag, og då Bremnes samstundes tapte, ligg dei no trygt på toppen av tabellen. –Me synte tidvis bra spel, og var nærmare 5-1 enn 4-2, seier manager Agnar Aarskog til Fitjarposten. Også denne gongen teikna Kjell Magne Halleråker seg på skåringslista i det han netta to gongar. Dei andre måla for Fitjar var det Sindre Andreassen og Åsmund Sørfonn som sto for.