I oppstarten av dei første dramagruppene i Fitjar kulturskule handlar det mest om å verta trygge, trygge på seg sjølv, trygge i gruppa og trygge i ei rolle på ein liten scene. 

 For første gong i Fitjar kulturskule vert det i haust undervist i drama. Det er satt igang to grupper, ei for dei i 5.-7.  klasse og ei for dei som går på undgdomsskulen. Begge gruppene vert leia av dramapedagog Torill Berger Falk og undervisinga føregår i Fitjar kultur- og idrettsbygg, først og fremst i kultursalen.

Torill fortel at dei no i starten jobbar mest med å verta trygge. Ungane og ungdomane skal verta trygge både på seg sjølv og på gruppa dei skal jobba i. Dei jobbar med grunnelggjande tinga som buk av kroppen og stemma.  Gjennom øvingar som spegling, herme rørsler og  korte replikkar prøver dei å verta bevisste på korleis dei kan bruka stemma og kroppen til å uttrykkja ulike ting. 

Då eg kjem inn i salen mot slutten av timen til ungdomsskule-elevane øver dei på rørsler i «sakte kino», åleine, gruppevis og som spegling. Det var svært fasinerande å sjå dei gå inn i rørslene med heile seg og å våge spela ut rørslene i gruppa. Det vart magisk stemninga på scenen då dei stod to og to med ansiktet mot kvarandre og utan ein lyd speglane dei kvarandre sine svært så grasiøse røsler. Alt såg så aldeles perfekt ut. Litt verre vart det når dei skulle leia ei heil gruppe med sine rørsler. «Dåke e så snille med kvarandre. Våg  å ta styringa. Stol på deg sjølv. Ta kontroll. Ikkje ver redd. Lei dei andre».  Torill gjekk rundt å veileda og oppmuntra dei som stod fremst og skulle leia rørslene til resten av gruppa. Etter kvart vart det som ein fantastiks flott, nærast svevande dans utan musikk. Eg kjende at det verkeleg skal bli spennande å sjå kva denne lydhøyre gjengen kan utretta etter kvart. 

Ungdomsskule-elevane vart bytta ut med med elevar frå storskulen. «Drama er kjempekjekt» strålar Kaia Rydland og Maria Synnøve Toskedal Koløen som kjem direkte frå dans til drama-undervising. » Ja, og så har me så flink lærar», tilføyer Maria Synnøve og får eit bredt smil av Torill-dramapedagog.  «Det aller kjekkaste er øvelsen der me ikkje skal gjera det som læraren seier» fortel Kaia før ho set seg på golvet i ein sirkel saman med med læraren og dei andre drama-elevane. Sist øvde dei på tablå, denne gongen startar dei med litt stemmebruk, det å kunna uttrykka ting på ulike måtar. «Kan me bruka kva stemma me vil, eller må me bruka innestemma?», lurer ei av 6. klassejentene på. «Her kan de få bruka kva stemma de vil», svarere Torill, og presiserer at ein kan snakka høgt utan å skrika og ein kan kviskra høgt. Elevane nikkar samtykkande. Barneskule-elevane var ikkje redde for å høyra si eiga stemme i den store kultursalen, så det vart mange høge replikkar etterkvart. 

Eit kort lite skuespel med fire replikkar vart øvd inn gruppevis før dei framførde desse på ein liten scene i eit hjørne av den store scene i kultursalen. Resten av gruppa fekk vera med på å prøva å tolka historia. Timen vert avslutta med ein kjekk og  spennande konkurranse; fellesfortelling.  Etter kvart som ein stod fast i å finna på neste ord i fortellinga gjekk dei ut av konkurransen, og den som nok ein gong sat igjen med det siste ordet, det var Alva.  

Mange ungar i dag er trygge og likar å stå på ein scene og kjenner seg snart  trygge i ei gruppe, men det er ikkje slik for alle. Det var flott å sjå korleis både den eine og den andre typen ungar blomstra i dramaundervisinga denne tysdag ettermiddagen. 

Er du i alderen 5. til 10. klasse og synes dette verka freistande å vera med på, så er det framleis ledige plassar på begge dramagruppene, fortel kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen. Det er berre å ta kontakt med kulturskulerektoren,  som har kontor på rådhuset, om du vil melda deg på.