Knut Olav Røssland Nestås, regionleiar Trygg Trafikk, Vestland. Foto: Trygg Trafikk.

Det er skulestart i Vestland. Det inneber òg trafikk rundt skulane med foreldre som køyrer. Trygg Trafikk-leiaren i Vestland har klar beskjed til foreldre. – Jo færre som køyrer, jo sikrare blir skulevegen.

Regionleiar i Trygg Trafikk Vestland, Knut Olav R. Nestås, oppmodar i ei pressemelding foreldre til å la dei minste ta beina fatt.

– Om avstanden ikkje er for lang: Prøv å ta ein spasertur eller sykkeltur langs skulevegen saman med barna dine og bli kjend med vegen saman. Vurder om barnet er klar til å sykla åleine eller kan gå til skulen.

Nestås legg til:

– Om du er avhengig av å køyra bil, bør du sjekka om skulen har definert ein stad for henting og levering, og la barnet få gå den siste biten til skulen. Finst det ikkje ein definert stad frå før, kan du finna ein sjølv. Det minskar trafikkbelastninga rundt skulen.

8 av 10 meiner det er best å gå eller sykla

Nesten åtte av ti – 79 prosent – av barneforeldra meiner at det ideelle for barna er å gå eller sykla til skulen. Det viser ei landsrepresentativ Kantar-undersøking blant foreldre med barn i skulealder gjennomført av Trygg Trafikk.

Likevel er unødvendig skulekøyring eit problem mange stader, ifølgje Trygg Trafikk. Undersøkinga viser at det er særleg dei foreldra med små barn under åtte år som køyrer oftast – heile 35 prosent av dei spurde.

– Det er ulike grunnar til at foreldre køyrer barna. Det kan vera fordi det er praktisk eller langt å gå. Men mange gjer det fordi dei trur det er tryggast. I dei aller fleste tilfella er det heller omvendt. Den tryggaste og hyggelegaste skulevegen er den der barna i hovudsak går eller syklar. Derfor er det viktig at både skulane og foreldra legg til rette for det. For dei som må køyra, er det viktig å hugsa på å køyra ekstra forsiktig, og vera spesielt oppmerksame, seier opplæringssjef i Trygg Trafikk, Ragnhild Meisfjord.

Håper på fleire «hjartesoner» i Vestland til hausten

Trygg Trafikk ønsker at foreldre og skular etablerer «hjartesone» rundt skulen. Det er ei trafikksikker sone rundt skulen med lite biltrafikk, og der dei barna som blir køyrde, blir sleppte av i droppsoner utanfor hjartesona. «Hjartesone» kan òg innebera tiltak som følgjegrupper, foreldre som står hjartesonevakt på utsette stader eller betre sykkelparkering.

Hjartesone er eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Syklistenes Landsforening, Politiet, Helsedirektoratet, Miljøagentene, Foreldreutvalet for grunnskulen (FUG) og Trygg Trafikk.

Regionleiaren påpeikar at Bergen har vore ein spydspiss i arbeidet, og at dei håper å ha fleire skular klare for «hjartesone»-opning utover hausten.

– Det blir jobba systematisk og godt med Hjartesone i Vestland. Ønsker du Hjartesone rundt skulen, din tilrår vi å ta kontakt med skulen eller FAU for å finna ut korleis det kan gjerast på skulen din, avsluttar regionleiaren.