Annar Westerheim har sendt ein e-post om ismålingar på Bergatjørna

Etter ein kort pause med vekslande ver er det no fine forhold til skøyter og lek på Bergatjørna nedanfor Sælevik skule. Ismålingar i går viste solide 26 cm.

Ved bekketilløp i sør og bekkeutløp i nord er det som oftast tynnare is, her er det avgrensa med stikker og sperrebond. Har laga ny 250 meters bane og eit stort felt for ishokky og lek.