Førebyggjande helseprosjekt «Trygg alderdom» skal sikra at fitjarbuar ikkje får alderdommen øydelagd av skadar som følgje av fall.

Mange eldre får livskvaliteten øydelagd etter fall og skader. Eldre folk føler seg ofte ustøe eller er redde for å falla, og dette har Fitjar kommune lyst å gjera noko med.

Derfor startar kommunen i haust, i samarbeid med Fitjar seniorsenter og Fitjar frivilligsentral, opp med fallførebyggjande kurs. Kommunen har fått prosjektmidlar til føremålet.

Kursa blir haldne av fysioterapeutar og inneheld:

  • Treningsgruppe der fokus er å auka muskelstyrken og betra balansen.
  • Helseopplysning der ein lærer om fysisk trening, ernæring, fallførebyggjande tiltak og legemiddel sin påverknad på balansen.
  • Heimebesøk etter behov – for å kartleggja risiko og hjelpa til med tilrettelegging av bustaden.

Kursa er gratis og opne for alle som ønskjer å vera med.

Kursstad: Fitjar seniorsenter (Fitjar kultur- og idrettsbygg 2. et.).

Treningsgruppe startar opp fredag 31. oktober kl. 11-12, og vil gå kvar fredag fram til 19. desember. Det blir lett trening med fokus på styrke og balanse. Ta med klede som er gode å bevega seg i.

Helseopplysningskurs tysdag 11. og 25. november og 9. desember kl. 11-13.

Endring i tidspunkt framover kan skje; alle som deltar vil då få melding om det.

Det vil verte ordna med transport for dei som treng det, kontakt Fitjar frivilligsentral  tlf. 53 49 90 91.

For meir info og påmelding kontakt:

Fitjar frivillegsentral, Ellinor Bergesen tlf. 53 49 90 91
Leiar Fitjar seniorsenter, Ingebjørg Seim tlf. 90 95 59 83
Fysioterapeut Kari Raunholm tlf. 90 58 565 86.

(ANNONSE)

Ingressbilete: Her ser me ein ung pensjonist som åtvarar mot ullsokkar i glatte, lakkerte trapper. Foto: Kjetil Rydland.