Tryg-bøyen eit påliteleg landemerke og nærmast eit ikon langs Norgegs langstrekte kyst. Foto: Tryg Forsikring.

Samtidig som det i juni ble sett ein dyster rekord i talet på baderelaterte drukningar, har det forsvunne mange titals livbøyar frå Tryg Forsikring, som var sette ut ved badeplassar, hamner og vatn landet rundt.

– Kvart einaste år blir livbøyar borte, men talet hittil i sommar synest rekordstort. Det bekymrar oss, for kvar einaste livbøye kan vera redninga for nokon som er i ferd med å drukna, og som blir sett av andre på land. Opptil fleire gonger i veka høyrer vi no om drukningshendingar, og det å ha tilgang på redningsmateriell i ein kritisk situasjon er livsviktig. Då kan ikkje livbøyestativet vera tomt, seier Monica Rimestad, samfunnsansvarlig i Tryg Forsikring.

Hærverk og tjuveri

I fleire av dei største byane er det dei siste åra satsa massivt på å setja ut nye livbøyar frå Tryg, ofte i samarbeid med kommune og hamnevesen. I fjor drukna 86 personer i Noreg.

– No som alle skal ha Noregsferie, er det ekstra viktig at folk er bevisste kva tryggleik livbøyane representerer. Derfor er det synd at nokon driv regelrett hærverk på bøyane, medan andre bevisst stel dei. Sommaren er den farlegaste tida når det gjeld drukningshendingar, og vi ønskjer at livbøyen skal vera der når eit medmenneske er i nød og treng hjelp for å unngå å drukna, seier Rimestad.

Ho oppmodar alle som ser ein Tryg-bøye på vidvanke om å setja han tilbake på plass, eller eventuelt å overlevera han til kommune eller hamnevesen.

Livbøyestativet kan ikkje vera tomt, seier Monica Rimestad, samfunnsansvarleg i Tryg Forsikring. Foto: Tryg Forsikring.

Om livbøyen:

Siden den første Tryg-bøyen blei utplassert i 1952, har han bidratt til å redde over tusen personar fra å drukna. Tryg Forsikring har utplassert over 45.000 livbøyar der folk ferdast ved sjø, elvar og vatn, som ei påminning om å vera litt ekstra på vakt i vasskanten, og eit teikn på at hjelpa er nær dersom ulykka skulle vera ute.

Rund, raud og kvit er Tryg-bøyen eit påliteleg landemerke og nærmast eit ikon langs Noregs langstrekte kyst. Kvart år plasserer Tryg Forsikring ut over 1000 nye livbøyar. Mange er erstatning for bøyar som er fjerna, stolne eller øydelagde. Ein komplett og fungerande livbøye er viktig når ulykka er ute.