Håkonarspelet «Kongen med Gullhjelmen» 2014 er kanhende meir truverdig enn spelet har vore nokosinne. Med Jeff Pettersen sin nyskapande regi, fekk me realitetane frå det som skjedde på Fitjar for snart 1000 år sidan, tettare inn på livet enn før.

Me såg det kanskje best på føremiddagen, men i år har ein gjort endå meir ut av å få fram vikingtida sitt daglegliv. Me møtte folk i kostyme frå vikingtida som fiska, dreiv med matstell, gjorde smedarbeid, karda og spann, plukka lauv og planter, jobba med ved og materiale – og tok seg av husdyr på garden. Det flotte sceneområdet i Moahagen vart i år i endå større grad enn tidlegare nytta ut med omsyn til dei kvalitetane det har. 

Det prega òg framføringa. Jorunn Skjoldmøy sine overgangar, flott spelt av Ingjerd Kannelønning, var tydelegare enn før, og at ein nytta ho for å vekkje Bjørn Svarte opp ifrå verknadene av «dvaledrykkjen» fungerte svært bra. Og når me nemner Bjørn Svarte alias Theodor Drønen, var han ein av dei som imponerte oss mest denne gongen. Me trudde rett og slett på figuren han spelte. – Akkurat slik må han ha vore, tenkte me.

Det same gjeld Kong Håkon den Gode, spelt av Brynjar Stautland. Det er rett og slett eit scoop å ha fått han i denne rolla. Stautland har i mange år vore uforliknaleg i rolla som Olav Tryggvasson i Mostraspelet. I Håkonarspelet framstod han på same  måte som ein strålande konge, myndig, og til tider usikker, på same tid. Nokon meinte at han kanskje var for streng. Det meiner ikkje me. Ein konge dømer ikkje ein mann nærast frå gard og grunn med eit smil om munnen. Samtundes fekk han godt fram den milde sida av Håkon. Det såg me både når han tale trælane si sak, og ikkje minst i møte med borna som kom kongen mykje nærare i dette spelet enn i tidlegare spel.

Av den nye skodepelarane finn me Johannes Hjelland som òg har god erfaring frå Mostraspelet, og som denne gongen framstod som ein flott Torleif Lagmann. Ingrid Bergesen var ny som Tora Håkonsdotter og kom vel i frå oppgåva. Det gjorde òg broren hennar, Brynjar, i rolla som Bjørn Kvite.

Kjetil Rydland gjorde denne gongen ein god jobb som Olmod Årmann, som ein erfaren «politikar» som veit korleis ein skal møte ein konge, både når han er arg og når det er tid for veitsle. Arne Vestbøstad var truverdig i rolla som Erling Eiriksson, og Ole André Westerheim gjorde ein flott prestasjon som den litt naive «Kisping», som vart kongens banemann. Broder Jatmund si rolle er korta ned i høve til tidlegare, men Håkon Rydland Sæbø kledde rolla godt.

Om nokon med dette skulle tru at dei faste skodespelarane gjorde ein dårleg jobb, er det langt ifrå sanninga. Ann-Sofie Drønen er stadig strålande som Tora Mostrastong, Tom Rydland er framifrå som Øyvind Skaldaspille, Sissel Jørgensen si Udna Fiskereke er storarta og Svein Kåre Meling er framleis svært truverdig som Tord Hordakåreson. Og då har me ikkje nemnt Torhild Andersen som dronning Gunnhild. Ho har me brukt mykje superlativ på opp igjennom åra. Ingen grunn til å ikkje gjere det i år òg. Ros òg til Annvald Tufteland som Harald Eiriksson og Nils Andreas Brekke som Alv Askmann.

Lyden var svært bra. Musikarar, kor og dirigent kom òg vel ifrå det.

Spelet hadde likevel ikkje vore det samme utan alle dei flotte statistane. Svært godt jobba, både av store og små.  

Ein ekstra ros må me gje til gjengen frå Stord Parkour, og ikkje minst sirkuskunstnar Carlos Gaudêncio, for å skape ekstra liv i spelet. Ein stor rosebukett bør òg gå  til regissør Jeff Pettersen, for nyskapinga han har tilført spelet. 

Ingressbilete: Kongen har fått gullhjelmen og vert tiljubla av folket. Foto: Håkon C. Hartvedt