Bookmakarane har mest tru på at Håvard Tvedten frå nabokommunen vår, Stord, vert norsk toppskårar under Handball-EM som startar i kveld.

Det er det engelske speleselskapet "Ladbrokes" som har sett opp ei odds-liste over kven dei trur vert norsk toppskårar.

Tvedten sine gode odds heng saman med at han har skåra svært mange mål for spanske "Natur House La Rioja" dei to siste sesongane.