Styret i Fitjar festivalforeining trur på folkefest under Fitjarfestivalen 9.-12. august 2012. Så satsar dei òg på det folkelege.

Det kjem mellom anna til syne ved at dei har invitert Åsmund Åmli band frå Setesdalen. Eit band som spelar mykje av den same musikktypen som Hellbillies og Vassendgutane. Folkelege er så absolutt òg Storm Weather Shanty Choir, som ein vidare har gjort avtale med.

I tillegg jobbar ein med å få gjort avtale med musikarar som appellerer spesielt til dei unge. Alle desse skal spela på den store familiekonserten på Sjøsio laurdagskvelden.

«Tjuvstartar» torsdagen

Som tidlegare tjuvstartar festivalen med vise- og lyrikkveld i Kultursalen på torsdagskvelden, med tilsvarande tjuvstart for dei unge med ungdomsdikotek i Fitjartun.

Offisiell opning vert på kaien fredag 9. august kl. 16.00. Også i år har ein fått låna revyteltet til Fitjar Fjordhotell, så ein er «sikra» om regnet skulle falla denne gongen òg.

Men det er å vona at det ikkje gjer det. Det mest spesielle i år er jo at Fitjarfestivalen er lagt saman med kunstutstillinga i Fitjarøyane der fleire internasjonalt anerkjende kunstnarar tek del. Her vil det vera skyss på kaien som fraktar folk ut så dei kan få med seg ei heilt unik kunstoppleving. Fredagen vert runda av med festivaljam og allsong i Kulturhuset.

Laurdagen vil bodgata igjen vera på plass på Sjøsio. Kanskje vert ho endå større i år. På Sjøsio vert det vidare aktivitetar for ungane, lokal konsert med unge artistar og fiskefestival – før det er duka for den store konserten som er nemnt i starten av denne artikkelen. Laurdagskvelden vert avslutta med musikk og dans i Kulturhuset og hotellet. Band som skal spela her er «På Hell» og «Revivals». Skyss til kunstutstillinga i øyane vert det hele dagen.

Årets festival vert avslutta søndagen med gudsteneste på kaien, og stor lunsj i revyteltet etterpå. Også denne dagen vert bodgata open, og det vert skyss til kunstutstillinga i øyane.

Ressursgrupper

Det var i kommunestyresalen i går at festivalstyret ved leiar Harald Rydland la fram store delar av programmet for årets fitjarfestival. Det meste av programmet er altså på plass, men det er på ingen måte låst enno.

– Folk har elles vore svært velvillige til å bli med i dei ymse ressursgruppene som skal til for at ein skal kunna gjennomføra festivalen. Men ein treng stadig fleire folk. Ressursgruppene er grupper for mat & servering; vakt, sikkerheit og risiko; rigging, rydding og reinhald; bodgata; økonomi, marknadsføring, sponsorarbeid og program. I tillegg kjem ansvarlege for einskildarrangement, opplyste Harald Rydland.

Ser du at du kan gjera ein innsats innanfor ei av gruppene som er nemnt ovanfor, vil festivalstyret vera takksam om du tar kontakt.

Det kan du gjera ved å ta kontakt med Gunn Evy Henriksen på

e-post: gunn.evy@hotmail.no

eller på mobil: 470 18 222