Etter konserten skulekorpset hadde i kultursalen torsdag ettermiddag er både dirigenten, musikantane, styreleiaren og publikum samde om at Fitjar skulekorps kan gjera det godt i NM i Stavanger i helga.

Norgesmeisterskap for skulekorps går av stabelen 18. juni. Janitsjarkorpsa skal konkurrera i Larvik medan brasskorpsa skal spela i Stavanger. Fitjar skulekorps, som er eit brasskorps, har gjort det bra i NM tidlegare, men no er det mange år sidan dei har delteke der. Etter ein lang konkurransepause har dei i dei seinare åra delteke i småkorpskonkurranse i Sveio (2009) og korpskonkurransen Sotrafestivalen (2010), og etter eit intensivt år med jubileumsfeiring og oppkøyring til konkurranse er dei no klar for NM.

Torsdag ettermiddag inviterte korpset til gratis-konsert, og framførde då ei så godt som prikkfri gjennomkøyring av NM-programmet, som er eit stykke som heiter Dakota. Stykket er komponert av Jacob de Haan, består av fem svært ulike satsar og handlar om ulike delar av livet til indianarane i Amerika. Korpset kunne stoffet godt, dei spelte reint, presist, med god dynamikk, god balanse og god klang. Øvinga har gjeve tydelege resultat, og dei har gjort ein stor jobb med å koma dit dei er i dag. No gjenstår berre ei siste framføring av Dakota, og så å venta på fagdomarane, trombonist Elisabeth Fossan og slagverkar Jens Torolf Larsen, si vurdering av spelinga.

Fredag klokka 13.30 set musikantane og leiarane seg på bussen for å reisa sørover. Korpset skal bu på Kongeparken camping, og laurdag ettermiddag set dei kursen mot Stavanger forum der NM føregår. Fitjar skulekorps spelar i 3. divisjon og skal konkurrera mot 15 andre korps, dei fleste frå Hordaland. Tysnes skulekorps, som vann 3. divisjon i NM i 1995, er med i år også og skal spela allereie klokka 12.40. Fitjar skulekorps er det siste korpset som skal på scenen og skal spela først kl. 16.20. Om kvelden, klokka 19.30, vert det festkonsert med Norges Nasjonale Brass Band og premieutdeling. Mange supporterar er på veg til Stavanger på laurdag, og endå er det plass til fleire. Dei som ikkje har høve til å reisa sørover å få med seg konkurransen «live» kan sjå den på nett-tv på denne sida her. Både ulike korpsa som deltek, festkonserten og premieutdelinga vert sendt direkte, og kan vera vel verd å få med seg. (Det syner seg at det dessverre berre er konkurranseprogramma til korps som deltek i 1. og 2. divisjon som vert synt på nett-tv, i tillegg til festkonserten med premieutdeling)

Søndag 19. juni skal både hovudkorpset og juniorkorpset til Fitjar skulekorps spela i Kongeparken, og skulekorpset sitt Kongeparken-program fekk og publikum høyra torsdag ettermiddag. Etter konserten i parken skal resten av dagen nytast i meir eller mindre fartsfylte aktivitetar i fornøyelsesparken.

Då gjenstår det berre for oss å seia: Lykke til i NM, Fitjar skulekorps!
Me heiar på dykk!