Bjørnar Løkstad som er konsituert leiar (konsulent, natur og miljø) på Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor har sett på bildet vårt av glasmaneta som vart observert ved Kråko.

Han meiner denne høyrer til ribbemanetene, noko ein kan sjå på dei åtte langsgåande,  lilla ribbene.

– Ut ifrå bildet meiner eg dette må vere ei agurkmanet, som er ei av tre ribbemaneter som finst naturleg i norske farvatn. Ho vil i utstrakt stilling ha form som ein agurk (derav namnet) og er heilt uten tentaklar. Agurkmaneta lever av andre maneter, seier Løkstad.