Johannes Sandvik Bø - nest best i Noreg i sin årsklasse. Arkivfoto.

I dag har Johannes Sandvik Bø og Marius Pedersen nytta godvêret til å senka dei personlege rekordane sine på 800 meter med eit par sekund.

Det ryktast at tidlegare 800-slugger og klubbrekordhaldar Håkon Vestbøstad har fått augo opp for gutane. Han anar nok at den 40 år gamle klubbrekorden hans på 1.58,7 kanskje ikkje får leve meir enn i eitt eller to år til.

Rett nok er det veldig langt ned til den skamgode tida 1.50,5, som Håkon Vestbøstad har frå tida si som Gular-løpar. Men med personleg rekord kvar gong han stiller opp, kan nok Johannes Sandvik Bø snart nærma seg klubbrekorden for Fitjar Idrettslag.

I dagens testløp forbetra han på nytt den personlege rekorden sin på 800 meter med eit par sekund, denne gongen til 2.08,14. Marius Pedersen var ikkje langt etter, med pers på 2.17,04.

trenar Bård Inge Bø fortel at begge ungdommane stod løpet svært godt, trass i ei litt for hard opning. Haren sprengopna på 59-60 sekund på første 400, og måtte gi seg etter 500 meter.

Tida til Johannes er den nest beste 800-metertida i Noreg i 14-årsklassen. Sondre Svartholt frå Stadsbygd suste inn til 2.06,94 for fem dagar sidan. Håkon Moe Berg frå Kyrksæterøra hadde 2.08,56 og blei degradert til tredjeplassen av Johannes i dag.