Orda i tittelen tilhøyrer Rebecca Koløen på Fitjar vgs, som nettopp hadde prøvd promillebrillene. Som biletet syner går ho ein halv meter utanfor streken ho trudde ho gjekk midt på. – Ekkelt, men eit viktig obs på kor farleg det er å køyre med promille, sa ho. Foto: Håkon C. Hartvedt

Rebecca var ei av fleire skuleelevar som fekk prøve promillebriller i dag. Ein del av Trafikkdagen som vert arrangert annakvart år for Fitjar vgs og Rimbareid skule. Eit samarbeid mellom desse skulane og SLT (Samordning av Lokale kriminalitetsførebyggjande Tiltak). I arbeidsgruppa har det vore med to elevar frå kvar skule pluss politi, skulesjef i tillegg til primus motorane Hilde Førre (Fitjar vgs) og Ellinor Bergesen (SLT-koordinator / leiar av Fitjar frivilligsentral).

Sterk start
Det heile vart opna i Kultursalen med ein sterk australsk film der konsekvensane av uvettig bilkøyring vart sett kraftig fokus på. Ein film som òg gjorde sterkt inntrykk både på ungdommane og dei vaksne i salen.

Ordførar Wenche Tislevoll kunne fortelje at Fitjar kommune har ein trafikksikringsplan som skal verke førebyggjande og handlingsskapande.
– Og me har ein nullvisjon, me vil ikkje at ein einaste skal bli drepen i trafikken, sa ho mellom anna.

Dette vart sterkt understreka av SLT koordinator Ellinor Bergesen, som i ei minnemarkering tende lys for dei tre siste som har forulukka i trafikken på Stordøya, og oppfordra til eit minutt stille for desse. Ho let elles vere å tenne eit fjerde lys som var stilt opp. – Når eg ikkje tenner dette lyset er det med ønskje om at me ikkje får fleire slike ulykker, sa ho.

Minnemarkering: Ellinor Bergesen har tent tre lys, og vonar ho slepp å tenne det fjerde. Foto: Håkon C. Hartvedt

Postar
Etter innleinga i Kultursalen vart elevane delt inn i grupper. Ni i alt. Og postane dei skulle innom i løpet av dagen var: førstehjelp, redningsbilen, gåing med promilebrille, veltejakob, bråstoppmaskin, sikkerheit og moped, trafikkopplæring, politi og møte med kriseteamet i kommunen.

På slutten av dagen vart det sett av tid til evaluering og appell frå politiet, og midt i programmet vanka det pizzasnurrar i kantina på Fitjar vgs.

Brannmann Bård Inge Sørfonn fortalde mellom anna levande om kor tøft det kan vere som redningsfolk å rykkje ut til trafikkulykker – og fengde tydelegvis både elevane si interesse og kjenslene deira. Foto: Håkon C. Hartvedt

Veltejakob gav elevane ei kjensle av korleis det er å rulle rundt med bil. Julie Sandstad på helsegararbeidar-linja syntest det var litt skummelt å vere inni bilen, men det gjekk greitt å orientere seg når ein hadde fått tenkt seg om litt. – Men på verkeleg, når alt går fort, og ein kanskje er i sjokk, vil det vere svært vanskeleg, meinte ho. Foto: Håkon C. Hartvedt

Klar for bråstopp. – Sjølv om farten berre var 7 km/t, ville eg ikkje ha site utan belte på denne her, sa eleven til høgre, David Grasdahl, etterpå.
– Kjem du til å vere ivrigare med å bruke bilbelte etter dette? – Eg brukar alltid bilbelte, svara David.

Brannmann Ronny Korneliussen og varabrannsjef Torgeir Steien underviste i førstehjelp. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Mottoet for Trafikkdagen var «Ta ansvar». Og på posten til politiet var elevane utfordra til å snakke saman om desse spørsmåla og nettopp ta ansvar i aktuelle situasjonar.