Me må innrømme at me lurte på om arrangørane ville avlyse årsavslutningsturneringa i fotball frå 5. til 7. klasse på Fitjar kunstgras i dag. Det skjedde ikkje. Då gav like godt regnet seg óg.

Dei unge stilte i varme klede og synte stor idrettsglede i det sure haustmørkret. I alt var 60 gutar og jenter frå 10 til 12 år  i aksjon. Som med dei yngre spelarane me skreiv om for ei tid tilbake, var trenarane lagleiar for kvart sitt lag, sett saman av spelarar på tvers av aldersgruppene.

Anne Helene Vestbøstad fortel til fitjarposten.no at laga fekk namn etter storklubbar. Jentene sine lag var engelske, som til dømes Tottenham, Liverpool, Manchester United og Chelsea. Gutane hadde namn etter norske klubbar som Brann, Tottenham, Rosenborg og Haugesund.

Etter tre innleiande kampar blei det finale og bronsefinale før det vart utdeling av medaljar og sjokolade i premie til alle. Pølser og brus vart det òg.

Domarar frå ungdomsavdelinga dømde kampane.