Før uveret braka laus laurdag føremiddag opplevde Fitjar ei mild natt med over 20 grader heile natta gjennom.

Som kjent kallar ein det tropenatt når temperaturen ikkje kjem under 20 grader i løpet av natta. I Noreg opplever me ikkje så mange tropenetter kvar sommar, og når det skjer er det i fylgje Store norske leksikon helst ute langs kysten, godt utpå sommaren når sjøvatnet er på sitt varmaste.

Meteorologisk institutt forklarer dette med at havet fungerer som ein radiator når det først har blitt oppvarma, og dermed synke temperaturen mindre om natta ved kysten enn kva den gjer i innlandet.

Etter ein varm fredag med opp mot 30 grader enkelte stader på Fitjar kom altså ikkje nattetemperaturen på Rimbareid lenger ned enn til 20,5 grader celsius natt til laurdag. Sjølv om natta var mørk var lufta mild og varm og tropenatta gav sydenstemning for dei som heldt seg vakne og tok ein tur ut.

Då uveret med regn, vind og torever kom i 10-tida laurdag føremiddag, sank utetemperaturen til omkring 16 grader celsius, og slik vil det truleg bli verande ei stund framover, så heldige var dei som ikkje sov vekk denne sommarnatta.