Sidan i går ettermiddag har det vore særs trongt om plassen for dei som pendlar mellom Austevoll og Fitjar.

Til vanleg er det M/F «Heilhorn» – med ein kapasitet på 35 bilar – som trafikkerer sambandet Husavik-Sandvikvåg. Men etter uhellet med M/F «Selbjørnsfjord» måtte den hjelpa til i sambandet Halhjem-Våge.

Til erstatning for M/F «Heilhorn», som heller ikkje er utropt til nokon «fokets favoritt», sette reiarlaget Fosen Namsos Sjø inn M/F «Sundferja». Dette er nok den minste ferja som har vore å sjå i Sandvikvåg på 50 år, og det har vore spanande for pendlarane mellom Fitjar og Austevoll siste døgeret.

Er me heldige og kjem med ferja – eller må me stå att på kaien? Ved avgangen i ettermiddag klokka 15.50 kom alle 10 bilane med, men då var ferja nesten full.

Etter det me forstår på Tysnebladet, vil M/F «Gulen» vera på plass som ny erstatningsferje i sambandet Halhjem-Våge frå fredag morgon. Fredag og laurdag vil vår kjære MF «Heilhorn» trafikkera Selbjørnsfjorden som normalt.

Men allereie på søndag kan «Sundferja» vera på plass igjen, skriv avisa Marsteinen i Austevoll. Då kan det bli bruk for M/F «Heilhorn» som erstatning for M/F «Fosen», som er på verkstad. Dermed kan det bli ein spanande konfirmasjonssøndag for austevollingar, med redusert ferjekapasitet i begge endar…