Like sikkert som regn og mørkre i november, er lysande smil frå damene i Fitjar Husflidslag, som skipar til den årvisse julemessa i Fitjartun.

Etter nesten 30 år har julemessa blitt ein kjær tradisjon for flittige husflidsdamer som på denne måten sikrar mykje av det økonomiske grunnlaget til Fitjar Husflidslag. Minst like kjært har det blitt for unge og gamle å møtast for ein ein god drøs over ein kopp kaffi, kaker eller risengrynsgraut. Det høyrer med å ta turen hit kvart år, forstår med på ein flokk trivelege damer av den eldre garde.

Hilma Lønning var med og starta husflidslaget i 1984, og ho fortel at dei har skipa julemesse kvart år sidan midt på 80-talet. Solveig Westerheim har vore med kvart einaste år heilt sidan starten, og jammen var ho ikkje med i år og, med pulsvarmarar og andre strikka produkt. Blant veteranane er også Alma Kjærland, som er spesialist på englar og stjerner i glas. I år har ho òg laga flotte dompapar av glas.

På standane rundt om i Fitjartun var det tilbod om juegåver av alle mogelege slag, blant anna strikka produkt, julekaker, julepynt, rognebærgele og chutney av tomater og ananas, bakstekostar og kiper, bilete, treskurd og rosemåla produkt, smykke, måleri, bunadsting og julekort. Litt ekstra spanande var kanskje varene til nykommaren Chimwemwe Manangi frå Zambia. Han lagar leiker og kunst av ståltråd. Eller kanskje ei personleg julestrømpe frå Solveig M. Skålevik. Ho tar imot spesialbestilling på strømper og små dukar. Send bilete og tekst på mail, så printar ho på tøyet og syr det på, akkurat slik du vil ha det!

Det er enno ikkje for seint å rekka ein tur innom messa i dag. Kanskje er husflidsprodukt den rette julegåva i år?