Hildegunn Bjelland. Foto: Ingrid Hovstad

Boklansering og måleriutstilling på same tid.

Galleri Losjen hadde i dag si første boklansering når Hildegunn Bjelland debuterte med barneboka Krabben Klara og konkylien. Boka skal setja fokus på konsekvensane plastforureininga får for livet i havet. Forfattaren håpar at denne forteljinga kan vera med på å skapa gode haldningar hos både vaksne og born som les den. Boka vert given ut av Tegn Forlag, og illustratøren av boka Heidi Kahrs Damm var ogso på lanseringa.

Dei frammøtte fekk vera på ein flott lanseringsfest med fleire musikalske innslag. Karina Vinje gjorde ein nydeleg versjon av Adele sin versjon av «Make You Feel My Love». Popupbandet Rekeskala framførte to songar om plast, veldig passande for tematikken i Bjelland si bok. Songane var skrivne av Jarle Langeland, og handla om at me må ta vare på jorda, og at ein ikkje må kasta plastikk i naturen. Publikum såg ut til å setja pris på underhaldninga.

Stiligt popupband. Foto: Ingrid Hovstad

Hildegunn Bjelland las sjølv i frå boka si, og trollbatt dei små i salen med den spennande forteljinga. Etterpå var det boksignering, kaka og brus.

Måleri med motiv frå Fitjar

Me må ikkje gløyma kunstutstillinga som ogso opna. Galleriet var dekka i dei flotte måleria til Svanhild Fosback Larsen. Kunstnaren som held til i Arendal, fortalde om malermiljøet ho høyrer til på Galleri Ohlsen, og korleis ho opp gjennom har testa ulike teknikkar. Med seg til Fitjar hadde ho måleri i olje, akryl eller ein kombinasjon av dei to.

– Eg vert inspirert av lys og landskap, fortalde Larsen. Ho hadde med seg måleri med motiv som: fyrtårn, hus, fjell, sjøen, ja til og med vindmøller, Fitjar kyrkje og Storddøra.

Svanhild Fosback Larsen, og eit av måleria hennar. Foto: Ingrid Hovstad

Svanhild Fosback Larsen takka for at ho fekk koma til Fitjar, og ynskte Hildegunn Bjelland til lykke med bokutgjevinga.

Kunstutstillinga til Svanhild Fosback Larsen vert ståande til måndag.