Heilt utan fakter, med armane avslappa i kross og manus på notestativ, fengde Inge Halstensen rundt 220 publikumarar i Kultursalen, torsdag – «til ære for silda». Med sin frodige språkbruk og vidtfemnande samanlikningar gav Halstensen oss assosiasjonar til Aksel Kloster sine folkelege kommentarar i ymse samanhengar for ei tid tilbake. Som til dømes når Halsteinsen fortalde om då då Bekkjarvik gjekk frå Fitjar til Austevoll:

«Fitjar var liksom Romerriket, rik og mektig og med provinsar om seg på alle kantar: Engesund, øyane, Brandasund og Bekkjarvik. Kring 1960 begynte galskapen. «Det skal leggjast eit minebelte over Selbjørnsfjorden», sa ein dyster Peder Nilsen Aga heime i stova til far min, medan barten gjekk opp og ned i bedrøvelse saman med drøvelen. Han skjøna at Romerriket Fitjar var kome til eit veg-skilje.»

Og Halsteinsen fortsette: «Så stengde Schei-komiteen døra til vårt faderhus. Me stod ute og fraus, heimlause, liksom Israelsfolket, liksom jemtene i Harjedalen og svenskane i Bohuslen, som aldri var sikre på kva som var deira tungemål. Selbjørnsfjorden, som før batt oss lukkeleg saman, var blitt eit stengsel, vår Gaza-stripe og Berlinmur. Der nord sat me og lengta til Fitjarheimen vår, og gret litt kvar kveld.»

Og forsamlinga var humrande med på notane.

Dette og meire til som eit bakteppe for å føra forsamlinga med seg inn i Sunnhordland si næringssoge, «som er uløyseleg knytt til soga om stor- og vårsilda», som Halsteinsen sa det, og han la til: «Den vesle sølvgråe krabaten har truleg bestemt om me i det heile skal bu her ytst i Hordaland, kvar helst bygdene skal liggja, om me skal leva i armod eller velstand, om me skal leva kort eller lenge eller om me skal få mange eller få born…I gamle dagar åt fattigfolk sild, men ingen tenkte den gongen på at dei fekk den beste maten», sa Halsteinsen.

Silda kom – og forsvann

Han fortsette med å snakka dramatikken i at sildeperiodane kom og forsvann. «Når sida var her, var verda god på alle måtar. Men når ho var borte, rådde den ytterste naud».

Så gjekk han bakover i historia og trekte trådar heilt tilbake til Snorre og Håkon den Gode si tid, om den gjentekne historia om glede og gru, alt etter som silda kom eller vart borte.

– Den mest sagnomsuste perioden er i frå 1808 til om lag 1870. Då sende vår Herre silda til berging for folket, sa Halstensen og var innom borkebrødtid, nyvunnen fridom, trelasthandelen og framvekst av mange av våre kystbyar som resultat av dette. Han nemnde mellom anna at i 1853 var det 30 000 menneske på vesle Espevær i sildesesongen, og då kan jo einkvar tenkja seg korleis det vart med hus og hygiene…

Så kom det nye nedgangar og oppgangar for silda. Nedgang i 1870-åra og eit strålande fiske på 1950-åra før samanbrotet i 1956-1965 då ein nær hadde fiska havet tomt.

Så langt silda.

Inge Halstensen slutta sitt føredrag med meir fitjarhistorie, noko som enda opp med ei hylling til Peder Nilsen Aga og tidlegare skulesjef i Fitjar, Lidvald Stubhaug, som «tende lys i skulestova i Bekkjarvik» og skreiv følgjande strofe om Peder Nilsen Aga:

Som landet fekk sin svip av vêr og vind

i gjennom år og dag

slik steig du fram med meisla andletsdrag.

I avdagsgland me ser deg, gråherd hovding, smila

i straum og vind du rodde FItjar trygt i hamn.

I bygda som du bar i hjarta kan du kvila

i Fitjarsoga har du hogge inn ditt namn.

Slik her du stilt steig fram, du seig i hav.

Med takk står Fitjar-folket ved din grav.

Med i programmet var òg ein av » sildakongene» i Haugesund, Tor Kyvik, som fortalte om bakgrunnen sin.

Det var vakker song og spel av Martin Hatlevik, Heine Helland og Harald Rydland, og etterpå var det stoort sildebord laga til av kjøkkesjef ved Cornelius i samarbeid med Ailin Korsvik og Stine H. Rimmereid frå Fitjar vgs.

Endå ein flott kulturkveld. Det har vore bra med slike dette året. Måtte det berre fortsetja.