Fredag føremiddag arrangerte Fitjar kulturskule, i samarbeid med Fitjar folkebibliotek, trollkonsert for alle barnehagane på Fitjar.

For å få plass til alle ungane var det tre like konsertar i løpet av dagen, og totalt mellom 80 og 100 ungar fekk med seg denne flotte opplevinga. Den siste konserten var og open for ungar som ikkje går i barnehage, for foreldre og andre interesserte, og det var denne konserten me var med på. Bokreolane var rulla til sides til fordel for piano, stolar, matter på golvet, ei elv og ei bru. Her fekk me møta troll i alle fasongar, store troll, små troll, snille troll, sinte troll, dansande troll, syngande troll og rocke-troll, i tillegg til ei prinsessa, ein alv og tre bukkar. Eventyrfigurarne vart gjort levande gjennom musikk framført av elevar i kulturskulen, på piano, gitar og song.  Kulturskulerektor Anne Lene Østvold Jordåen, pianolærar Orlaug Evensen og bibliotekar Elin Siglen hjalp til.  Heile 15 kulturskuleelevar deltok, og musikken var ei god blanding av kjende og meir ukjende songar. Fleire av pianoelevane som deltok var ikkje eldre enn 7 år, og to av dei fekk opna konserten. Jacob Mehammar med stykket Trollballet og Marte Rimmereid med Trollet og Alven. Så var det allsong akkompagnert av Gunn Maraas på piano og seinare allsong akkompagnert på gitar av Jedrzey Rutkowski og av Tommy Johnsen. Sistnemde fungert då og som forsongar på Haba haba (Det var en gang et troll).  Lytta ein godt med øyrene kunne ein sjå for seg trolla som dansa i dovregubbens hall, på fjellet og på ball, og alt det andre. Det mest avanserte stykket stod Sunniva Moldestad Oma for, og mange år med pianoundervising og mykje øving ligg bak ei slik flott framføringa av "Mysterierommet" av John Williams (musikk frå ein av Harry Potter filmane). Konserten lovar godt for det vidare musikklivet i bygda, og alle elevane fortener stor ros for sine framføringar, og eit lykke til med vidare øving og utvikling.  Bibliotekar Elin Siglen fortalde spennande om dei tre bukkane Bruse som bur på biblioteket om vinteren og som drar til seters for å gjera seg feite om sommaren. Litt uro må ein vera førebudd på med eit så ungt publikum, ikkje minst når det nærmar seg kviletid, med det er ein del av sjarmen og viser at publikumet er levande og engasjert.