Me har vore på tur til Budapest, Wien og Bratislava. Det skal me koma tilbake til seinare. Men på toget heim frå Oslo traff me på ein gjeng trivelege amerikanarar.

Dei fire amerikanarane, to brødre og konene deira, høyrer heime i Seattle, men var no på ein tur i Europa. -9 1/2 weeks svarer dei, og ler, når me spør kor lenge dei har tenkt å vere borte frå heimlandet. Vel vitande om at det eksisterer ein film med same namn.

Ein god del av tida skal dei vere i Noreg. Etter eit par dagar i Bergen, tek dei så Hurtigruta til Kirkenes, og derifrå fly sørover att med stoppestader i Tromsø, Bodø, Trondheim og Svolvær i Lofoten. Lofottorsken hadde dei allereie høyrt om, så dei såg spesielt fram til ei vitjing her.

Vi fekk guida dei litt på turen over fjellet, og dei var levande interessert i alt me kunne fortelje, også om Vestlandet og Fitjar.

Og superlativa sat såvisst ikkje langt inne når dei såg ein nydeleg innsjø eller eit vakkert fjellparti, langs Bergensbanen.

-Me er berre imponert over Noreg, og me meiner det, understreka dei, før dei fann fram kartet, så dei, med litt hjelp i frå oss, kunne følgja med på det dei såg.

På sin ferd vidare i Europa skal dei  innom Stockholm, København, Amsterdam. Brüssel, Luxemborg, Praha og nokre plassar i Tyskland og Austerrike, før turen går tilbake til USA.