Godprat. Lars K. Vik og Jakob Eide. Foto: Ove Gjerde

KrF slo til med vaflar, Frp var best på snop, men hovudattraksjonen var nok statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen i Fitjar sentrum i føremiddag.

Forsvarsministeren gav uttrykk for at det var svært hyggjeleg å koma til Fitjar. Ikkje minst vanka det mange godord for jobben ho gjer som forsvarsminister.

På spørsmål om kva for tilbod ho hadde å gi fitjarfolket nemnde både ho og tidlegare Stord-ordførar, Magne Rommetveit, vegar som stikkord. -I alle fall skulle dei lova ei ny gassferje, fekk me mellom anna vita.

Det var elles ei svært gemytleg stemning rundt standane.

Om ikkje alle var einig med alle, var det stort sett smil å sjå. Godsaker å lokka med hadde dei alle, og me tenkte at til neste kommuneval skal me køyra ei kåring av det beste valsnopet.

Uansett – eit flott engasjement, og eit storfint besøk, som folk sette pris på.

Godprat. Lars K. Vik og Jakob Eide. Foto: Ove Gjerde
Ordførar Harald Rydland og Isak Sandvik. Foto: Ove Gjerde
Ordførar Harald Rydland og Isak Sandvik. Foto: Ove Gjerde
Hyggjeleg tone mellom partia. Foto: Ove Gjerde
Hyggjeleg tone mellom partia. Foto: Ove Gjerde
Anne-Grete Strøm-Erichsen i samtale med Fitjarposten. Foto: Ove Gjerde
Anne-Grete Strøm-Erichsen i samtale med Fitjarposten. Foto: Ove Gjerde