Fitjarfestivalen averterte med trubadur, og trubaduren var Ingvald Alvseike frå Sandeid som imponerte med flott stemme og ditto gitarspel.

Variert var det òg det han presenterte. Alt i frå barnesongar via gamle popslagarar til stillferdige viser av Vamp og Bjørn Eidsvåg var med på repertoaret hans.

– Eg prøver å sjå publikum litt an, og legge opp songane etter det. Er det barn til stades, har eg alltid noko på lur til dei òg, seier Alvseike, som reiser frå festival til festival heile sommaren, frå mai til ut august. – Alt i frå Gladmat-, kystkultur og Skudefestival, smiler han.

Alsveide held på til kl 22.00 i kveld, så raskar du på kan du framleis få med deg musikken hans.