Med hjelp av basarpengar og solid stønad frå Fitjar Kraftlag og Engevik & Tislevoll AS, har dei eldre ved Fitjar aldersheim no fått ein flott terasse til å kosa seg på i sommar.

Terassen vart høgtidssamt innvigd måndag ettermiddag med snorklypping og det heile, og både ordførar og representantar frå dei overnemnde firma var til stades. I alt var det rundt 50 som fekk med seg innviinga.

Ei hyggjeleg stund vart det òg, med grillmat, salatar og stemningsfull trekkspelmusikk av ordførar Harald Rydland. -Du må òg få med at me har fått til saman 30 rosetre frå Uwe Ahrens og Anna Skålevik, til å pynta opp beda med, opplyser Britt Lise Onarheim Volden.

I tillegg til Britt Lise, er Jorunn Kloster, Mariann Eriksen, Gunn Bruntveit og Jorunn Helgaland med i hagekomiteen ved Aldersheimen, som mellom anna har jobba fram dette tiltaket.