Karvel Strømme smiler lurt i skjegget etter at han har fått Gunnstein Akselberg til Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.

Med fagkunnskap og mykje god humor underheldt professor Gunnstein Akselberg ei forsamling på vel eitt hundre i Kultursalen torsdag kveld.

Det blei mykje «sjov» og litt lite stadnamn i Sunnhordland under gårsdagens kåseri. Den som hadde venta ein inngåande gjennomgang av lokale stadnamn, blei kanskje litt snytt. Men til gjengjeld viste den kjende språkprofessoren seg som den likande fagmannen han er, og han fekk som venta god kontakt med publikum.

Sjarmerande fagmann med publikumstekke

Akselberg er kjend for dei fleste gjennom NRK-programmet «Eides språksjov» med Linda Eide. Men me som har levd ei stund, hugsar han minst like godt frå «Språkspalten» med Kjell Jensen på NRK Hordaland, eit program som starta 23. novemnber 2001.

I nesten to timar heldt han på, om me reknar med pausen, og skal me dømma etter stemninga i stolradene, kunne han gjerne ha halde på eit par timar til utan at publikum hadde gått heim. Han «truga» med å halda på endå lenger: – Viss de synest det er kjedeleg, så berre søv, de! utbraut han. Men ingen viste teikn på at dei ville sovna.

Namnespørsmål er ofte vanskelege

Språkprofessoren slo fast at namnespørsmål ofte er vanskelege: – I namnegransking er det ofte slik at ein ikkje finn eit endeleg svar, men noko som er meir rimeleg enn noko anna.

Desse vanskane gjer seg gjeldande når det gjeld Lova om stadnamn. Den byggjer i hovudsak på desse kjeldene:

  • Etymologi – korleis blei namet skrive i norrøn tid?
  • Nedervd uttale i lokalmiljøet.
  • Skrivemåten normert etter norsk rettskriving.

Offisielle former er livsfarlege! slo Akselberg fast, for dei påverkar dei nedervde formene. Danske skriftformer på slektsnamn kom inn på 1500-, 1600- og 1700-talet. Desse kom ofte i konflikt med den lokale uttalen av stadnamn.

Lov om stadnamn er ute til høyring, og den vil i større grad enn før byggja på lokale og regionale former.

Akselberg prøvde seg med ei tolking av namnet på Noreg, men blei ikkje heilt einig med seg sjølv om det tyder «vegen mot nord» eller «det tronge sundet».

– Namnetolking er ikkje enkelt! slo professoren fast, og rista på hovudet.

Lite nytt om namn i Sunnhordland

Når det gjeld konkrete namn i Sunnhordland, blei den modne og kunnige forsamlinga kanskje ikkje så mykje klokare.

Fitjar tyder framleis «flat, frodig eng attmed vatn», Bømlo tyder «den som er tjukk eller oppsvulma». Kvinnherad har ikkje noko med kvinner å gjera, men er bygda som ligg kring to elvar som renn saman like før utløpet. Det kjem av stamma «tvinn» som tyder dobbel. Ølen er den fiskerike fjorden, og namnet understrekar fjorden som det primære, grunnlaget for liv og næring.

Den blide språkprofessoren sende ei særs hyggeleg avskjedshelsing til Fitjarposten. Han hadde likt seg godt på Fitjar, han hadde fått spanande spørsmål frå forsamlinga.

– Eg kjem gjerne igjen! lova Akselberg til slutt. Det gjer me òg.

Den engasjerte lokalhistorikaren Olav Skjellevik kom heilt frå Tysnes for å møta Gunnstein Akselberg. Foto: Kjetil Rydland.