– Julemessa i Fitjartun er svært sosial og triveleg. Det høyrer såleis med å ta turen hit kvart år, seier to damer av den eldre garde frå Stranda. Og triveleg vart det i år og.

Strandadamene me snakkar om er Jenny Raunholm og Tordis Eide, og med seg rundt bordet hadde dei Ingeborg Bukkholm, Hilma Lønning og Solveig Hamre Fitjar. Hilma som var med i interimsstyret før julemessene i Fitjartun starta opp i 1984, seier at desse messene står for svært mykje av det økonomiske grunnlaget til Fitjar Husflidslag.

Husflidsmessa er elles eit sterkt vitnemål om flinke, flittige hender, og mykje spennande og flott var det å sjå på dei ymse standane i år òg.

Her kunne me finne ei rekkje forskjellige strikke- og tova produkt, barnekle, mohairgarn, fiskeskinnsprodukt, englar og andre produkt i glas, julebakst, trekurd, knivar, smykker, måleri, bunadsting og julekort. Endå er lista langt i frå sjølvstendig. Me må òg nemne Magnus Stokken som sat og selde si nye bok av året: «Klapp og lusing».

Og jammen var Solveig Westerheim der i år òg. Etter at ho brakk lårhalsen på valdagen, var det ikkje så mange som hadde trudd det. Men så er det jo det med sirkushestane og sagmuggen då. Solveig er i alle høve ei av dei verkelege veteranane på messa. Har vore med i over 20 år.

Alt i alt er det vel verdt å ta seg ein tur innom messa som òg held fram i morgon.

Kanskje er husflidsprodukt den heilt rette julepresangen i år?