Konserten med Fitjar Musikklag og John Hudson gav oss musikk i toppklasse – og ei triveleg stund, både for store og små.

For dei skuffa ikkje, verken John Hudson eller Fitjar Musikklag. Framføringa hans av "Carnival of Venice", var om ikkje av verdsklasse, så i europeisk toppklasse. (Me kan berre ikkje forstå at me ikkje fekk publikum med på ståande applaus etter det nummeret. Men kanskje tok ikkje publikum signalet vårt då me reiste oss ?)

Uansett, utruleg bra.

Svært bra var òg Fitjar Musikklag. Starta frisk med Rock Musikk, med kraft og fylde og flott dynamikk. Fulgte opp med spennande arrangement i Carribbean Variation der elevar frå barne og ungdom ved Fitjar VGS var med, noko som var gøy for dei små. Dei lo òg skikkeleg då dirigenten, Per Olav Paulsen, famla seg inn på scenen med blå parykk og blindestokk. For når konserten også var i karnevalet sitt teikn, og heile musikklaget, pluss mange born i salen hadde kledd seg ut; og radarparet Vestvik og Træet batt det heile saman på ein uformell og artig måte, måtte det berre bli ei triveleg stund. Så får me heller bera over med at Hudson fekk noko lydkonkurranse av ungane på "Russian Dance". Men profesjonell som Hudson er takla han greitt det òg.

Innslaga "Kongen med den dårlege magen" og "Sandpaper Ballet" må og nemnast spesielt. Solveig Thunestvedt fekk saman med musikklaget ungane skikkleg med på den første, og "Terjene" laga ein skikkeleg humørfylt ramme om den siste.

Alt i alt ein hyggjeleg ettermiddag med kabaret-preg, ein svært velsmakande sådan.