Overskrifta syner til to bøker fitjarposten.no har fått til melding.

Den morosame er Steinar Hystad si bok «Sant og usant frå den sunnhordlandske Lygarbenken», og den matnyttige er «Levande tradisjonsmat», forfatta av Heidi Eikremsvik.

Hystad si bok er lun, triveleg lesing med lokalt tilsnitt. Det har Steinar Hystad mest livslang erfaring med, og han formidlar det heile på ein særs lettlese og god måte. Teikningane til Magne Bjelland gjev deg endå ein grunn til å skaffa deg denne vesle boka på 86 sider.

Heidi Eikemsvik si bok er mykje meir enn ei matbok. Her er trivelege intervju og presentasjon av lokale matlagingskunstnarar, lokal kulturhistorie og flotte bilete. Ei bok me vil både bruka og kosa oss med. Anbefalast.