Utruleg nok var det berre 60 personar som fekk med seg konserten til Olav Stedje i Kultursalen, laurdag. For ein triveleg konsert var det, og flott var det å få høyra igjen nokre av dei tidlegare LAVA-musikarane, sjølv om me likte Stedje aller best åleine med akkustisk gitar. Ikkje tvil om at musikarane er utruleg dyktige, men Stedje sin velklingande, lyriske stemme, og tekstane hans, kom meir til sin rett på denne måten.