Fitjar Musikklag kan gle seg over nye 50 – 60 tusen kroner i kassa etter endå ein vellukka marknad.

Ingrediensane var naturleg nok som før: korpsmusikk, åresal og lodd på bok. I tillegg var det gratis mat til alle i foajeen. Og, som vanleg: Godt med folk denne gongen òg! 

Først ut var Fitjar Skulekorps. Dei er for tida i ein øvingsfase. Det var likevel ikkje vanskeleg å høyre at det bur mykje godt potensial i korpset – og at dei har flotte solistar. Det er til dømes Oda Rydland og Helga Jordan Raunholm gode eksempel på. Dirigent Svein Roger Koppang fortel til fitjarposten.no at dei no øver til ein konsert på Sotra der både brass- og janitsjarkorps skal delta, men at hovudmålet denne sesongen er NM i juni.

– Men me legg òg opp til eit spennande prosjekt til våren, smiler han og viser til «Secret Garden-happeninga» tidlegare i år.

Fitjar Musikklag si neste utfordring er julekonserten, og me får vite at dei denne gongen vil samarbeide med songsolistar. Til våren legg dei òg opp til storkonsert i april med både solistar og komp-gruppe.

Musikklaget gled seg elles over flott tilgang av nye medlemer frå skulekorpset. 
– Me har no 9-10 medlemer derifrå. Utan dei ville me ha slite, seier leiar Svein Olav Raunholm til fitjarposten.no.