Både strandarar, osternesingar og andre fitjarfolk såg sitt snitt til å gjera eit godt kjøp under dagens loppemarknad på Hageberg skule.

Stranda Vel seier seg godt nøgd meg loppemarknaden laurdag føremiddag. Utvalet av lopper var godt, i alle høve om me skal dømma etter stemninga blant førnøgde kundar som gjorde eit og anna varp. Prisane var slett ikkje avskrekkande, og folk fekk med seg blant anna sykkel, alpinski, bøker og kjøkenutstyr og mykje anna for ein slikk og ingenting.

 

Arrangementskomiteen i Stranda Vel skipa til kafe, der folk kunne kjøpa risengrynsgraut, kaffi og kaker etter ein god handel. Loppemarknaden gav ein god slump pengar til vedlikehald av grendahuset Hageberg skule. Stranda Vel takkar alle som gav lopper, alle kundane som møtte opp i dag, og ikkje minst SIM, som gav 2000 kr i støtte til tiltaket.