Skikkeleg god steming for drøs og hyggjeleg førjulshandel var til stades då me var innom julemessa i Fitjartun tidlegare i dag.

Utruleg mykje fint, og godt (!) var lagt fram for sal, og me er berre imponerte over kva folk kan få til å lage av ymse handarbeid i forskjellig materiale, og bakverk av ymse slag. Fleire julepresangar fekk me òg kjøpt denne gongen.

Mykje folk var òg innom, og hyggjeleg lag var det rundt borda. Nokre av utstillarane var «kjære gjengangarar», andre var nye. Men, altså, mykje spennade var det både å sjå på, òg kjøpa.

Messa held fram imorgon, søndag, frå klokka 13.00 – 17.00