Julemessa på Sælevik skule i helga var ikkje stor, men husa likevel spennande arbeid, laga av både unge og eldre.

Søskenpara Elias og Elisabeth Westerheim og Martine og Hanna Oline T. Stokken hadde laga julekort som dei fekk god avsetnad på.

Elles var det løparar, quiltarbeid, honning, julekaker, strikkevarer, skåler med meir i tre og hudpleieprodukt å få kjøpa. Og då har me ikkje nemnt alt.

Mat og drikke var det òg mogleg å få kosa seg med, her òg.