Stemninga var god, både mellom elevane, lærarane, dei lokale utstillarane og publikum, då me var innom julemarknaden på Fitjar Vidaregåande Skule i føremiddag.
Her finn me kreative firma som "Sjokoladekameratane" og "SmartMat UB. Andre sel brød, perler eller is for diabetikarar. I rommet der fleire lokale produsenter heldt til, kan ein vidare kjøpe strikke- eller tova produkt, julekjeks, sild, lefse eller rognebærgelè – for å nemna noko.
Sjølv om det summa summarum var lågare oppslutnad i år enn i fjor, var det bra med folk på morgonen, då me vitja marknaden.