Rundt 100 små og store fekk med seg familiedagen på Prestbø Gard med mange spennande aktivitetar. Her frå Storhaugen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mellom anna prøvde mange seg for første gong på morellsteinspytting. Best her vart Geir Arne Isdal med 9,15 m.

På garden hadde dei vidare lagt opp til natursti som gjekk i ein spennande løype frå garden og hilt opp til Storhaugen. Her fekk deltakarane munngodt og drikke, og her var det òg utebibliotek. Ein lavvo der borna kunne setje seg inn i, velje bøker og lese.

Eit flott tiltak med stort potensial for vidareutvikling.

Lesestund i lavvoen. Anna Bø les, og Emma Fitjar Hjelle og Josefine Brenne kosar seg med «Mamma Mø». Foto: Håkon C. Hartvedt

Lilliane Drønen Jæger med vesle Peder Jørgen Thorland (2 1/2) på ryggen. – Kjempekjekt og godt tiltak, seier ho til fitjarposten.no. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Mariann Skjelde (t.v.) med Nora Skjelde Prestbø. Nora kunne fortelje at ho hadde laga is, ete bringebær og rips, spytta morellstein og gått natursti. No stod eventyrstund på programmet. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Eirik Torbjørnsen hadde ansvaret for å dele ut svarark til turstien. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

 Barkebåtlaging stod òg på programmet. Her syner Eskild Skram Isdahl den flotte båten han laga. Foto: Håkon C. Hartvedt