Det vart tredobbel siger til Fitjar under årets halvmaraton med utgangspunkt i Fitjar Idrettspark. Best av alle var Harald Engevik.

Harald Engevik leia i frå start til mål og vann suverent med over fem minutt til nestemann. Bjarne Skumsnes og Kjell Magnar Helland vart nummer to og tre, og sjølv om Bjarne sprang for Stavangerlaget GTI, er han uansett Fitjarbu, slik at me kan påskryta oss ein trippelsiger.

Best av damene vart Martina Koenig, og me må òg nemna 13 år gamle Håvard Ersland som i lag med far sin fullførte på rundt 1.52. -Eg vart litt sliten, men tenkte aldri på å gje opp, sa han til Fitjarposten.no

Det var i år 9. gong ein arrangerte halvmaraton i Fitjar. Den 21 098 meter lange løypa går frå Fitjar Idrettsplass til Industriområdet i Årskog, for så å fortsetje rundt Storavatnet før ein til slutt går i mål i Idrettsparken. 13 deltakarar stilte til start i år, mot 17 i fjor. Av desse var rundt halvparten frå Haugesund. Løyperekorden tilhøyrer stordabuen Nils Hetleflåt, og er på på 1.16.30.