Trillingane Jon, Emma og Ola Fitjar Hjelle er klar for skulestart i 1A ved Rimbareid skule i dag.  Dei gler seg. Gøyast blir det å leike med dei andre elevane. – «Kinareilo» er kjempekjekk, seier Emma. Foto: Håkon C. Hartvedt

Elles kan dei tre både lese og skrive litt, og Jon fortel til Fitjarposten at han kan rekne på kalkulator.  

Til lærar får dei Kari Fjugstad Giske, og det er fleire jenter enn gutar i klassen.

–Greitt, seier Ola og Jon.

–Fint, smiler Emma.