Like sikkert som regn og mørke i november, er lysande smil frå damene i Fitjar Husflidslag, som skipar til julemesse i Fitjartun.

Godlukt frå brennande faklar på hjørnet av Fitjartun bar bod om at noko var i gjære laurdag føremiddag. Ungdomshuset var fylt av flittige husflidsdamer og gjester som baud fram varer av alle tenkelege slag.

Etter 30 år har julemessa blitt ein kjær tradisjon for husflidsdamene i Fitjar, både sosialt og økonomisk. Minst like kjært har det blitt for unge og gamle å møtast for ein ein god drøs over ein kopp kaffi, kaker eller risengrynsgraut. Det høyrer med å ta turen hit kvart år, etter det me forstår på smilande fitjarbuar i alle aldrar.

Solveig Westerheim har vore med kvart einaste år heilt sidan starten, og jammen var ho ikkje med i år og, med pulsvarmarar og andre strikka produkt. Ho fortel at ho strikkar ein pulsvarmaer for dagen, helst under «Home and away» på TV 2.

Ein av dei nye i år er Jakob Bjelland frå Kårevik på Stord. Han dreier dei mest kunstferdige ølbollar og andre bollar i tre. Han bruker emne fra alle tenkelege treslag, som brakje, aks, eik, raun, older, alm, bøk og plommetre. Den finaste bollen av alle hadde han laga av eit stykke apenes skrekk, men diverre hadde han selt den då me kom inn att etter ein tur i minibanken …

På standane elles i Fitjartun var det tilbod om juegåver av alle mogelege slag, blant anna strikka produkt, julekaker, julepynt, rognebærgele og chutney av tomater, bilete, treskurd og rosemåla produkt, smykke, måleri, og julekort. Solveig M. Skålevik var tilbake med dei personlege julestrømpene sine. Ho tar imot spesialbestilling på strømper og små dukar. Send bilete og tekst på mail, så printar ho på tøyet og syr det på, akkurat slik du vil ha det!

Det fer for vidt å nemna alle dei ulike tilboda på årets julemesse, men me foreslår at du tar turen innom og ser om du finn noko som fell i smak.  Det er ope i morgon og, så det er ikkje for seint å rekka ein tur innom messa. Kanskje er husflidsprodukt den rette julegåva i år?

Ingressbilete: Liv Lillian Haaland er fast inventar på julemessa i Fitjartun, med julekjeks, bilete og andre pynteting til jul. Foto: Kjetil Rydland.