Seksten karateutøvarar frå Fitjar deltok på treningssamling på Bømlo sist helg. Ein av instruktørane var ingen ringare enn landslagssjef dos Santos. 

Samlinga som vart arrangert av Bømlo karatesenter fann stad i Rubbhallen. Instruktørar var landslagsjef for JKA Norge, José dos Santos, medlem av teknisk komite i JKA Norge Aril Damm og Fitjar karatesenter sin hovudinstruktør Sukhwinder Koløen. 

Tema for samlinga var «kumite trening», kamptrening og å trena opp refleks, hurtigheit, bevegelse og slag/spark-kombinasjonar. 

Aldersspennet på dei som var på treningshelga var 7-60 år, og frå Fitjar karatesenter  var det 16 deltakarar frå 9 år og oppover. 

Fitjar karatesenter fortel om ei fantastisk kjekk treningshelg med mykje god trening og kjekke sosiale tilstellingar for både store og små.