Eit sterkt felt gjer seg klar til start på 600 meter. Foto: Silje V. Torbjørnsen.

Tysdag ettermiddag skipa friidrettsgruppa til treningsstemne i Fitjar Idrettspark for å få flest mogleg i stemnemodus til Mailekene i Haugesund komande helg.

Øvingane som stod på programmet var høgde, lengde, kule, diskos, 400 meter og 600 meter. Stemnet var ope frå 1.-klassingar opp til 100 år! Heldigvis var det best oppslutnad frå den yngre garde, 35 deltakarar i alderen seks til 44 år stilte opp.

I eit fint 400 meter-felt kom tre utøvarar under 60 sekund. Marius Torbjørnsen (16) debuterte på distansen med sterke 56,7. Den siste tilveksten til friidrettsgruppa, Alvar Wæhle (30), spurta inn til 58,8. Også Ole Andre Stokken (16) også sneik seg under minuttet.

Elles viser Marius Torbjørnsen (16) fin form i lengde. 5.43 i svak motvind var diverre ørlite dødt, men prestasjonen lovar godt for framhaldet. Det ser òg ut til at forma er i anmarsj i høgde, der han vann med 1,65, føre Ole André Stokken (1,55).

Også dei yngre deltakarane – frå sju år og oppover – stod for ei rekkje fine prestasjonar, og me gler oss til utesesongen.

Heile stemnet var òg som «trening» å rekna for dei vaksne med tanke på å prøva å arrangera eit litt større stemne i 2020, slik som Fitjar Idrettslag gjorde på 1990-talet og tidlegare.

Linnea Stokken i diskos. Foto: Silje V. Torbjørnsen.
Elise de Fine Olsen i lengde. Foto: Silje V. Torbjørnsen.
Ole Jakob Wiik i kule. Foto: Silje V. Torbjørnsen.
Ole André Stokken imponerer i høgde. Foto: Silje V. Torbjørnsen.
- Annonse -