Ikkje den store deltakinga. Men treningsstemnet i friidrett i Fitjar Idrettspark i går synte likevel at fleire at utøvarane har potensial til å nå langt.

Fitjar sitt største talent, Tone Brakedal, stilte ikkje til start i går. Men både Ådne Vik og Marius Torbjørnsen er utøvarar som fekk vist at dei har det som skal til for å kunne gjere det svært bra i denne idretten. 

Ådne har som mål å klare 1,60 i høgde i år. I går reiv han hårfint på 1.48, men i einskilde hopp synte han at han har mykje meir inne. 10 år gamle Marius Torbjørnsen synte super spenst både i tresteg, lengde og høgde.

God innsats var det av dei andre óg.

Resultat

Tresteg gutar
Marius Torbjørnsen (10) 7,04
Markus Kongestøl Vik (13) 7,00
Joakim Malkenes Fitjar (9) 5,83

Lengde
Jenter

Svanhild Vestbøstad (10) 2,82
Eline Fitjar Hjelle (10) 1,93

Gutar
Markus Kongestøl Vik (13) 3,39
Marius Torbjørnsen (10) 3,30
Joakim Malkenes Fitjar (9) 3,16

Høgde

Jenter
Svanhild Vestbøstad (10) 0,95

Gutar
Ådne Kongestøl Vik (15) 1,43
Joakim Malkenes Fitjar (9) 1,00
Marius Torbjørnsen (10) 0,90

600m
Gutar

Joakim Malkenes Fitjar (9) 2.40,5

Jenter/kvinner
Silje Vågen Torbjørnsen (37) 2.12,5
Eline Fitjar Hjelle (10) 4.31,4